Fysisk arbeidsmiljø
Det fysiske arbeidsmiljøet består av lokale, støy, belastning, trekk, belysning, stråling, luft, temperatur, gjenstandar og stoff som ein kjem i kontakt med under arbeidet.
Psykososialt arbeidsmiljø
Psykososialt arbeidsmiljø handlar om samhandling og samarbeidsrelasjonar mellom både kollegaer og leiing.
Fire fasar i HMT-arbeid
De fire fasane er igangsetjing, kartlegging, planlegging og prioritering og oppfølging.
Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet er eit offentleg organ som fører tilsyn med at reglane i arbeidsmiljøloven blir følgd.
Godt arbeidsmiljø
Med eit godt arbeidsmiljø forstår vi samarbeid og trivsel på arbeidsplassen der arbeidstakaren får oppgåver som både byr på utfordringar og ansvar.
Motivasjonsfaktorar
Det vil seie variasjon i arbeidet, gode lønns- og arbeidsvilkår, rom for arbeidsfellesskap, plass for personleg vekst og ansvar og opne rom for sjølvråderett i jobben.
Fleirkulturelt arbeidsmiljø
Eit fleirkulturelt arbeidsmiljø er ein arbeidsplass der det er samhandling mellom personar frå ulike kulturar.